Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Skyss (tidlegare Kringom) har oppdatert retningslinjene for skuleskyss under Coronapandemien i Vestland fylke.

Retningslinjene for skoleskyss i smittevernrettleiarane for skolar (UDIR) er, gjennom den siste oppdateringa, samordna med nasjonale/lokale retningslinjer for kollektivtransport. Dette inneber at det er nasjonale/lokale retningslinjer for kollektivtransport som er gjeldande for skoleskyssen, både på gult og på raudt nivå for alle trinn i skolen.

Dette inneber følgjande for skoleskyssen:

• Offentleg transport bør avgrensast, men elevar som er avhengige av skoleskyss kan ta buss eller anna transport for å kome seg til skolen.

• På reiser under ein time kan elevar sitje saman skulder-til-skulder (uavhengig av kohortar), men ein bør unngå kontakt ansikt-til-ansikt på reiser. Dette gjeld både for skoleskyss utført med buss og med drosje.

• Sitjeplassar skal prioriterast framfor ståplassar på buss. Dette inneber at elevar bør sitje saman skulder-til-skulder framfor å stå, så lenge det er tilgjengelege sitjeplassar.

• Skoleelevar på ungdomstrinnet og på vidaregåande trinn skal i tillegg følgje nasjonale/lokale anbefalingar eller påbod om munnbind. Dette gjeld både for skoleskyss utført med buss og med drosje.

• Elevar skal ikkje reise med skuleskyssen ved mistanke om smitte, eller milde sjukdomssymptom. Vi ber også om at Skyss eller operatør blir varsla om tilfelle der det blir påvist smitte hjå elevar som har nytta skoleskyssen nært opp til tidspunktet for påvist smitte.

Heile dokumentet med oppdaterte retningslinjer finn du her.