Måløy vidaregåande skule
Skulestart

Skulestart Foto: Bjarne Husevåg

Skulestart haust 2017

Fyrste veka etter skulestart er over, og ting er begynt å gå seg til.

Som ein av lærarane på Maritime fag sa: Alt rettar seg når det berre kjem i sjøen! No er dette ikkje akkurat ei oppfordring til å hive naboen på sjøen, heller eit uttrykk for at ting finn si form etter litt tilvenning.

Sidan veirgudane såg i nåde til elevane (og dei tilsette) ved skulestart, og let fineveiret som vi har sakna, skine heile veka, valde nokre klasser å bruke onsdagen til ein sosialdag og «Bli kjent dag».

Om lag 130 elevar og tilsette tok turen til Vågsvåg og utfordra naturen ved å besøke fjelltoppane der. Det er kome tilbakemeldingar om både gnagsår og støle musklar, men tydelegvis er ungdommen av det tøffare slaget, for det er ikkje rapportert om akutte fysiske eller mentale skader eller fråvær på torsdagen grunna dei utøvde trivialitetane. Elevane kunne velje mellom kort eller lang fjelltur avhengig av eiga formkurve, men alle samla seg til grilling på Vombaneset etter gjennomføringa.

Her er nokre bilder frå dagen:

 

 

 

 

 

   

Samling i Vågsvåg                                           Ut på tur, aldri sur                Ingen klaga på veiret

 

 

 

 

 

  

 På vei til Nibbefjellet                                                         Endeleg oppe

     

 

 

 

 

 

  

  Storenosa                                                              Hesten

 

 

 

 

 

 

 

 

På vei til grilling på Vombaneset                    Det er nokre som har spikka før

 

 

Grilling

                                   

 

 

 

 

 

 

 

 

Det vart ganske folksamt når det skulle grillast.

 

 

 

 

Medan andre var på fjelltur, tok 1 STA og 1 YSK ein sosialdag for å bygge samhold, samarbeid og tru på eigne evner. Lærarane hadde laga til oppgåver som kravde både kløkt og kosentrasjon. Hos desse var det «andre musklar» som vart sett på prøve.

Elevane var sporty og kasta seg, med imponerande innsats, inn i 21 ulike aktivitetar. Dei kasta blant anna lasso for å fange ein «hund», spelte dart, konkurrerte i nerf-skyting, fanga superraske bordtennisballar, kledde seg ut for å ta eit best mogleg lagbilde og teikna med krit. Gruppa som vann heile aktivitetskonkurransen var Ida, Birk og Julie. Beste lagbilde var det Amila, Jetmund, Thomas og Antonie som klarte å lage. Etterpå var det grilling i strålande sol.

Her er nokre bilder frå deira aktivitetar:

 

 

 

Her gjeld det å halde ballen i gang       Kunstspirane får utfolde seg     Konsentrasjon

       

 

 

 

 

 

 

 

    Fang flest ballar                                          Nerfskyting

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Skulens Robin Hood                                         Andre har tydelegvis vore på Elvisfestival

 

 

 

 

 

 

 

Grilling som avslutning av dagen              Vinnarane av lagbildekonkurransen                            

Det vert rapportert om at elevane trivdest med utfordringane, og at slike «ikkje timeplanbasert aktivitet» og er med å auke trivselen og tilhøyrigheita til klassa, skulen,  lærarane og dei andre elevane.

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut