Måløy vidaregåande skule
Rektor Åsta Navelsaker Røed, Ingunn Olaug Wik Djønne frå seksjon for kvalitet i opplæringa ognområdeleiar Tor-Einar Holvik Skinlo i Vidaregåande opplæring Nord i Vestland fylke.

Rektor Åsta Navelsaker Røed, Ingunn Olaug Wik Djønne frå seksjon for kvalitet i opplæringa ognområdeleiar Tor-Einar Holvik Skinlo i Vidaregåande opplæring Nord i Vestland fylke. Foto: Bjarne Husevåg

Skulebesøk frå Avdeling for opplæring og kompetanse i Vestland fylke.

Måløy Vidaregåande Skule har i dag, som fyrste skule i den nye avdelinga, gjennomførd eit dialogmøte der tema var skulen sitt arbeid med skulemiljøet.

Frå fylkeskommuna møtte områdeleiar Tor-Einar Holvik Skinlo i Vidaregåande opplæring nord, og Ingunn Olaug Wik Djønne frå seksjon for kvalitet i opplæringa. Frå skulen møtte leiargruppa med rektor Åsta Navelsaker Røed i spissen, dei plasstillitsvalde frå lærarorganisasjonane, miljøkoordinator og to elevar frå elevrådsstyret. På fellesmøtet var tema som satsingsområder, gjennomføring, fagfornyinga og elevundersøkinga diskutert. Elevane hadde på førehand blitt utfordra til å sei noko om temaet engasjere, motivere og gi lærelyst og meistring.

Områdeleiar Tor-Einar Holvik Skinlo oppsummerte dialogmøtet, og takka for dei tilbakemeldinga han hadde fått frå leiing, tillitsvalde og ikkje minst elevane. Han lovde at desse rimeleg klare tilbakemeldingane, skulle han ta med seg i det vidare arbeidet i det nye fylket.