Skulebas

Skulebas

Skulebas har gjort ferdig fyrste etappe av prøvefisket.

Fredag kveld var Skulebas innom Måløy for bunkring og etterfylling av agn samt byte av mannskap, før dei la i veg sørover på laurdag ettermiddag.

Galleri

Noko av fangsten
Piggen som har gitt pigghåen namnet
Pigghåen skal målast og undersøkast
Utan mat og drikke .....
Ingen ting å sei på humøret
Det var ikkje berre styggeveir heller
Rute 1
Rute 2
Rute 3
Rute 4
Rute 5

Etter å ha drive fiske på Møre den fyrste veka, måtte dei til lands med problem med egnemaskina og ein hydraulikklekkasje i dragerommet. Etter at dei forlot Ellingsøya førre helg gjekk turen vidare nordover der ein har fiska seg over Hustadvika, Frøyhavet, Frohavet, rundt Vikna og på Folda på både tur nordover og på veg sørover. Dei siste stubbane vart sett vest av Kråkeneset og i Sildagapet. Slik heimesida forstår det er det stubbar på nokre hundre onglar som vert sett, og drege igjen etter om lag ein time. Pigghå har dei fått i varierande mengde, så forskarane har hatt litt å gjere dei og.

Vår frittgåande reportar gjekk i land på Hitra saman med eit par andre, og returnerte om bord igjen i Måløy. Stemninga om bord er bra (med nokre leidebyger), men  nokre strandhogg for å få kjøpepizza hjelper godt på humøret. Uansett er ikkje smilet langt unna hos elevane, så det tyder på at dei trivst, også i matvegen med kanskje litt meir variert kost enn om dei hadde vore på skulen….

Turen no går vidare sørover til Egersund, før dei snur og fiskar seg nordover att.

Alle bilder: Malin Halnes, Kartillustrasjoner er skjermdump frå Marine Traffic.