Måløy vidaregåande skule
Johanna Utvær, Eduard Gouron og Sander Omberg

Johanna Utvær, Eduard Gouron og Sander Omberg Foto: Bente Vonheim

Siste: KYSTfolk klar for finale i Tine MatCup 2018.

Elevane Johanna Magdeli Pettersson Utvær, Eduard Gouron og Sander Øen Omberg frå 2 RMA  skal representere Måløy Vidaregåande Skule i finalen i Tine MatCup.

I semifinalen i Tromsø i dag, gjekk dei til topps og er no klar for finalen under NorgesCup for kokk- og servitørlærlingar i Stavanger i slutten av februar 2018. 

Meldinga frå Bente Vonheim sa følgjande: JIPPI!!! Gaby, Sander og Johanna vann i Tromsø og er no klare  for finale i Stavanger. Kjempeinnsats av kjempeflinke elevar altså...

I semifinalen har dei konkurrert mot 5 andre lag frå Narvik, Mo I Rana og Tromsø. Det var 6 semifinaler spredt utover heile landet. Arrangør av konkurransen er Tine og Norges Kokkemesteres Landsforbund.

Konkurransen har si eiga FB side: https://www.facebook.com/tinematcup/

Måløy Vidaregåande skule gratulerer elevane med finaleplass.

Tips ein ven Skriv ut