Havaristen under slep til Måløy

Havaristen under slep til Måløy Foto: Petter Bakke

Sikkerheitssenteret i Måløy (SIM) involvert i redningsaksjon ved Klovningen

Fredag ettermiddag deltok SIM sin MOB båt og personell i ein redningsaksjon som lett kunne ha fått fatale følgjer.

Eit mindre nyttefartøy med ein mann om bord, fekk motorstopp på nordsida av Klovningen yst i Vågsfjorden, og sende ut naudmelding. Denne vart oppfanga av Skulebas, som igjen tok kontakt med Sikkerheitsenteret. Sidan redningsskøyta Halfdan Grieg låg i Florø, vart Sikkeheitssenteret sin MOB båt send ut med 3 mann om bord for å assistere havaristen samstundes som Redningshelikopteret i Florø vart varsla. MOB båten til SIM kom fram samstundes som ein båt frå oppdrettsselskapet MOWI kom til plassen, og saman fekk dei sett slepar på havaristen og berga denne. Den havarerte båten var då berre eit par minutt frå å drive på land ved Vombaneset på nordsida av innløpet til Vågsfjorden. Det var tung sjø i området, med bølgjehøgde om lag 4 – 5 m frå sørvest der redningsaksjonen fann stad. Havaristen vart deretter slept til Måløy.

I følgje avdelingsleiar Eivind Birknes ved SIM, er det svært tilfredstillande at dei scenarioa som ein kontinuerleg øver på, fungerer så godt i skarpe situasjonar som det gjer. Når alarmen gjekk, var personellet raskt i båten og på veg til havaristen. 

Illustrasjon: Gule Sider Kart

Sikkerheitssenteret, gjennom sitt kurstilbod til dei marine og maritime næringane, og  samarbeidet med Redningshelikopteret i Florø, tilfører vårt personell kunnskap og trening i å løyse slike situasjonar, og Måløy Vidaregåande Skule og Sikkerheitssenteret i Måløy er stolte av å ha personell som på kort varsel kan trå til for å gjere ein forskjell for dei som ferdast på sjøen.

I smulare farvatn. Foto: Petter Bakke

Tips ein ven Skriv ut