Måløy vidaregåande skule
På oppdrag

På oppdrag

Sikkerheitssenteret i Måløy, SIM, har ledig 2 faste stillingar.

Har du lyst å jobbe med tryggleik innan dei marine og maritime fagområda, og være med å utvikle dette tilbodet vidare, kan dette være ei stilling for deg.

Sikkerheitssenteret i Måløy (SIM) søkjer etter:

Marknadsutviklar/instruktør med fagansvar innan førstehjelp og medisinsk behandling. Søknadsfrist 19. mai 2021.

Instruktør med fagansvar innan marine og maritime kurs, sjøredning og personlege redningsteknikkar. Søknadsfrist 19. mai 2021.

 

Sikkerheitssenteret i Måløy - SIM tilbyr sikkerheitsopplæring og andre maritime kurs for sjøfolk, skipsoffiserar og tilsette innan havbruksnæringane. Vårt hovudfokus er kursing og utdanning innan marine og maritime verksemder og vi kan tilby ei rekkje kurs innan desse felta. SIM er godkjend av Sjøfartsdirektoratet til å avvikle STCW-kurs, og er sertifisert og godkjend av DNV som maritimt treningssenter. SIM er ei underavdeling til Måløy vidaregåande skule.