Måløy vidaregåande skule
På oppdrag

På oppdrag

Sikkerheitssenteret i Måløy har ledig stilling som instruktør.

Dersom du har lyst til å jobbe med tryggleik innan dei marine og maritime fagområda, og være med å utvikle dette tilbodet vidare, kan dette være ei stilling for deg.

Sikkerheitssenteret i Måløy (SIM) søkjer etter:

Instruktør som kan undervise i dei kursa vi allereie har i porteføljen vår, samt vere med å utvikle nye kurs for maritime sertifikat.

Søknadsfrist 16.12.2021

Sikkerheitssenteret i Måløy - SIM tilbyr sikkerheitsopplæring og andre maritime kurs for sjøfolk, skipsoffiserar og tilsette innan havbruksnæringane. Vårt hovudfokus er kursing og utdanning innan marine og maritime verksemder og vi kan tilby ei rekkje kurs innan desse felta. SIM er godkjend av Sjøfartsdirektoratet til å avvikle STCW-kurs, og er sertifisert og godkjend av DNV som maritimt treningssenter. SIM er ei underavdeling til Måløy vidaregåande skule.