Måløy vidaregåande skule
Pick-up øving på Skavøypollen

Pick-up øving på Skavøypollen Foto: Bjarne Husevåg

Samarbeidet med redningsbasen i Florø.

I kjølvatnet etter nestenhavariet på Hustadvika, kjennast det godt å vite at Sikkerhetssenteret i Måløy (SIM) og har ein finger med i spelet når Redningshelikopteret i Florø gjer ein slik formidabel innsats.

Det fyrste redningshelikopteret som var på plass ved Viking Sky var nettopp vår samarbeidspartnar i Florø. Sidan våren 2018 har Redningshelikopteret, gjennom sitt samarbeid med SIM, lagt sine faste månadlege øvingar med å heise opp personar til Skavøypollen. Etter kvart er det mange elevar som har fått vore med på denne øvinga, og fleire skal det verte. At den siste øvinga skulle bli så aktuell som den vart, trur vi ikkje noko hadde førestilt seg.

Onsdag 20. mars var det på ny øving på Skavøypollen, og laurdag 23.mars gjekk alarmen for hendinga på Hustadvika. Når ein så i ettertid les dei tilbakemeldingane som passasjerar, rederi, politi og redningsleiing gir til helikoptermannskapa, så må vi få slutte oss til hyllesten. Sjølvsagt vil Måløy Vidaregåande Skule og Sikkerhetssenteret i Måløy stille opp som markørar for redningsbasen i Florø, då både tilsette og framtidige sjømenn og –kvinner vil være førebudde om dei skulle kome ut for liknande hendingar som det som utspant seg på Hustadvika i helga.  

 

Redningsmannen i flåten

 

 

 

 

 

 

 

 

Hjelpefartøyet

 

 

 

 

 

 

Litt stillare her enn på Hustadvika

Tips ein ven Skriv ut