Måløy vidaregåande skule
Skuleanlegget sett frå aust

Foto: Frequency AS

Saksframstillinga til justering av opplæringstilbodet frå hausten 2020 er no offentleg.

Fylkesdirektøren for Opplæring og kompetanse har lagt ut sine forslag til endring av opplæringstilbodet rundt om på skulane i Vestland fylke. Saka skal til handsaming i Hovudutvalet for opplæring og kompetanse den 20.april.

Totalt ser det ut for at det er ein nedgang på om lag 10 % i søknader til vidaregåande opplæring, samstundes som det er ei endring av søknadane frå studiespesialisering til yrkesfag.

Det er totalt 20 500 søkarar med ungdomsrett til fylkeskommunen sine vidaregåande skular. Av desse er vel 8800 søkarar til vg1. Justeringane i denne saka utgjer samla 13,5 klassar, derav 4 klassar i nordfylket, og 9,5 klassar i sørfylket. Primærsøkjartala for nordfylket viser at om lag 44 % søkjer studiespesialisering og 56 % søkjer eit yrkesfag. Totalt er det 1544 primærsøkjarar til 1528 skuleplassar. I desse primærsøkjartala er det og søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.

I saksframstillinga er det teke høgd for å tilpasse klassetalet ut frå arbeids- og næringslivet sine behov for lærlingar og arbeidskraft og det å kunne tilby eit breiare utval av utdanningar.

Det er ønske om å oppretthalde eit breitt og likeverdig opplæringstilbod, som i størst mogeleg grad samsvarer med behova i fylket. For å klare det kan primærsøkinga aleine ikkje vere viktigaste justeringskriterium, og i arbeidet har fylkesdirektøren også nytta søkarar som står utan tilbod, og ledige plassar som grunnlag for justeringa.

I det siste prøveinntaket, som er grunnlaget for fylkesdirektøren si tilråding, er oppfyllingsgraden 97,5 % på vg1 og 93,8 % samla for alle trinn. I fylkesdirektøren si tilråding har 75 % av søkarane til vg1 fått tilbod om førstevalet sitt, dvs. både ønska utdanningsprogram og skule. 13,5 % har fått tilbod på andre ønske og 5,6 % på tredje ønske.

Som tidlegare år vil søkarar til tilbod som ikkje vert sett i gang få mogelegheit til å endre søknaden sin. Det er få primærsøkarar som gjer at skuletilbod ikkje vert sette i gang, så talet på søkarar som får behov for å endre førstevalet sitt er ikkje veldig stort.

Fylkesdirektøren gjer merksam på at prøveinntak er gjort på grunnlag av terminkarakterane, medan inntaket i juli vil vere på grunnlag av standpunktkarakterane. Fylkesdirektøren kjem tilbake med ei sak i juni som vurderer mogelege konsekvensar koronapandemien kan ha for opplæringstilbodet 2020/21 og motverkande tiltak.

For dei vidaregåande skulane i nordfylket gir det framlagde forslaget følgjande endringar i forhold til det utlyste tilbodet:

Nordfylket 2020.png 

 

Heile saksframstillinga finn du her: Justering av opplæringstilbodet 2020