Arbeidsfordeling

Arbeidsfordeling Foto: Ann-Elin Røed Leftwich

Ryddedag i solskinnet

Tysdag tok 2KSA rektor på ordet, og flytta norsk- og engelsktimen ut. Elevane som ikkje hadde eksamensførebuing, plukka søppel langs vegen frå D-fløyen til Modulskulen og retur langs snarvegen.

Vi fylte ein heil søppelsekk med mykje plastavfall og tomme sigarettpakkar - elevane var fornøgde med fangsten, men irriterte over at søpla ikkje finn vegen til søppelbøtta

Vi oppdaga óg at mykje søppel var gøymt på ulike kreative måtar i muren langs snarvegen...

Vidare var der latterlig mykje sneipar/snusposar, bak autovernet ved lærarparkeringa på D-fløyen. Sjølv om dette mulig er ein sjølvutnemnt røykeplass, burde der kanskje ha vore eit type «askebeger» i staden for at alt havner på bakken...

I tillegg kosta elevane ved inngangspartiet, gangveg og område rundt.

Beklageligvis øydela vi ein kost – unnskyld. (Trur vi vart tilgitt av Eivind).

Konklusjonen til elevane som deltok var at det er kjekt å kunne bidra med rydding, og at det er veldig sosialt, både småprating på runden og å ete is som belønning

Takk for tipset Åsta, om korleis ein kan fortsatt gjere noko meiningfullt og lærerikt i timane, når ein er i mål med både pensum og kompetansemål.

Mvh

To superflinke elevar i 2KSA og Ann-Elin

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut