Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Retningsliner for skuleskyss til dei vidaregåande skulane

Følgjande melding er sendt ut frå Skyss.

Som kjent med har Regjeringa innført nye nasjonale tiltak denne veka. Dette inneber rødt nivå for alle vidaregåande skuler frå og med torsdag 16.12 og inntil vidare fire veker fram i tid. Opplæringsavdelinga har informert oss i Skyss om at det blir tilrettelagt slik at halvparten av elevane vil ha digital undervisning og den andre halvparten får undervisning på skolen.

Dei nasjonale smittevernsråda og trafikklysmodellen gir følgjande retningslinjer for transport og skoleskyss for elever i vidaregåande skole:

•         Bruk av offentleg transport avgrensast der det er mogeleg, men elevar som er avhengig av skoleskyss kan ta buss eller anna transport for å komme seg til og frå skolen

•         Skoleelevar skal følgje nasjonale/lokale anbefalingar eller påbod om munnbind.

•         Elevar skal ikkje reise med skoleskyss ved mistanke om smitte eller ved milde sjukdomssymptom

For elevar med tilrettelagt skoleskyss:

•         Det er påbod om bruk av munnbind for både passasjer og sjåfør under drosjetransport. Elevar som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan nytte dette, er unntatt frå påbodet.

•         Det er viktig at skolane melder inn til underteikna kva elevar som ikkje treng drosjetransport og for kva periode når det vert benytta delvis heimeskole/digital undervisning. Det same gjeld for elevar som av andre årsaker ikkje har behov for skoleskyss heile eller delar av perioden framover. 

b 0AAAAASUVORK 5CYII=