Måløy vidaregåande skule
Ole Stenbakk på Haiti

Ole Stenbakk på Haiti Foto: Firdaposten

Resultatet frå Operasjon Dagsverk er no klart.

Gjennom sin innsats klarte elevane på Måløy Vidaregåande å samle inn kr 74.363 til BuildAid..

Elevane ved Måløy Vidaregåande Skule har dei siste åra gitt ein dag av si skuletid til å støtte det arbeidet som Ole Stenbakk gjennom hjelpeorganisasjonen BuildAid Norge gjer med å bygge og legge til rette for at barn og unge som ikkje har dei mogelegheitene vi har i Norge, skal få både skulebygg og undervising.

Tidlegare har elevane vore med å støtta opp om oppbygginga av ein skule på Haiti etter jordskjelvet der, og eit skulesenter med undervisingslokale og internat i Vietnam. Årets innsats gjeld bygging av ein High School (vidaregåande skule) i Freetown i Sierra Leone.

Pengane er overført til BuildAid, og vil bli nytta til å kome i gang med bygginga av skulen.

Leiar for Operasjon Dagsverk på skulen, Teodora Flåten Refsnes, takkar alle medelevane for innsatsen og håper at årets innsats stimulerer til eit like og (helst betre) resultat neste skuleår.

Tips ein ven Skriv ut