Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Raudt nivå på vidaregåande skular i Vestland frå torsdag 16. desember

Frå torsdag 16 desember er det innført raudt nivå innan smittevernberedskapen i vidaregåande skular.

Dette vil medføre at det vert endringar i skulekvardagen for alle elevar og tilsette, m.a. vil det verte heimeundervising måndag 20. og tysdag 21. desember for alle. Torsdag 16. og fredag 17. desember vil det verte endringar for nokre grupper. Her må elevane følgje med på timeplanendringar på Visma InSchool og Teams, forutan dei beskjedene som vert gitt frå kontaktlærarar.

Leiinga på skulen er i fullt arbeid med å planlegge korleis oppstarten etter nyttår vert, då dei innførde restriksjonane førebels gjeld fram til 13. januar 22. Melding om dette vil verte sendt ut via Teams og Visma InSchool til elevane.

Under finn du lenke til smittevernvegleiaren for dei vidaregåande skulane og infosida til Vestland fylke.om Koronaviruset.

Smittevernvegleiar for vidaregåande skular

Korona-informasjon Vestland fylke