Måløy vidaregåande skule
Teikning på byggavdelinga

Teikning på byggavdelinga

Program utdanningsval 10. klasse

Måndag 26. og tysdag 27.oktober vert det lagt til rette for hospitering for 10.klassingane.

Hovudtyngda av elevar kjem frå Nordfjordkommunane, men vi ser og ei auke i elevar frå kysten av nordfylket og Bremanger som ønskjer å besøke skulen. Dei mest populære linene i år er Naturbruk og Teknologi- og industrifag.

Som eit av smitteverntiltaka blir det ikkje noko felles samling for alle hospitantane. Når ein kjem til skulen blir ein tekne imot av guidar som vil vise kvar ein skal møte opp.

Leiinga ved Måløy vidaregåande skule vil begge dagane ha ei felles informasjonsøkt på video, før sjølve besøksprogrammet tek til.

Vi vil ha minst mogleg blanding av grupper, og det blir difor ingen felles lunsj. Det blir i staden brakt ut mat og drikke til hospitantane på avdelingane dei hospiterer på.

Nytt frå hausten 2020 er at det er innført nye læreplanar for vidaregåande opplæring på vg1. For vg2 vert det nye læreplanar frå hausten 2021. Denne endringa har mellom anna ført med seg at det er ein del endringar i programfaga, og vi oppfordrar dei besøkande til å stille spørsmål.

På grunn av Korona pandemien oppfordrar skulen dei besøkande til å merke seg FHI sine tilrådingar om smitteførebyggande åtferd. Ved alle inngangar og i korridorane vil ein finne handdesinfeksjonsmiddel som alle må bruke.

Dei førebelse programma for dagane ser slik ut:

Bygg- og anleggsteknikk

Helse- og oppvekstfag

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Naturbruk

Restaurant- og matfag

Studiespesialisering

Teknologi- og Industrifag

YSK Akva

YSK Helse

YSK Industriteknologi

OBS. Det er gjort endringar i programma for YSK

Måløy Vidaregåande Skule ønskjer alle 10. klassingane velkomne til skulen, og vi vil gjere vårt beste for at de skal få nyttig informasjon om dei tilboda skulen har.

NB. Måløy Vidaregåande Skule ønskjer å bruke bilete av dei besøkande til oppslag på sine heimesider og sosiale media. Dei besøkande som vil reservere seg mot dette, må informere rådgjevarane ved Måløy Vidaregåande Skule på førehand.