Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

PLASTUTFORDRINGA 2020

Elevane ved Måløy Vidaregåande skule har oppstart på «Plastutfordringa» i dag 12.oktober. Det er  påmeldt 12 lag ved skulen. Vi konkurrerer mot kvarandre og mot andre skular i Vestland fylkeskommune.

Gjennom forskjellige arrangement i tida fram til den 26. oktober vil det verte sett fokus på plastforureininga i samfunnet rundt oss. Arrangementskomiteen i 3STA oppfordrar alle til å bruke miljøstasjonane som er sett opp rundt i gangane på skulen, at elevane er bevisst på at det kan nyttast både drikkebeger og tallerkar som ikkje inneheld plast, og at dersom ein må bruke plast, at ein tenkjer på kor det vert av denne plasten.

Det vert laga til eit eige opplegg i kantina på fredag 16. okt og fredag 23. okt. mellom kl 12 og 13, og «Fremtiden i våre hender» har ein nasjonal Kick-off via streaming på tysdag 13.okt frå kl.17.30 – kl.18.45 . Den kan ein følgje gjennom Teams på Fellesrommet for Måløy vgs eller på «Open Skule».

Arrangementskomiteen i 3 STA oppfordrar alle til å tenke nytt når det gjeld bruken av plast, og ikkje minst om kordan vi kvittar oss med plastprodukt.

Ha ei plastfri veke