Måløy vidaregåande skule
Ikkje heilt etter Folkehelseinstituttet sine retningslinjer

Ikkje heilt etter Folkehelseinstituttet sine retningslinjer

Påskehelsing til elevar, føresette og tilsette ved Måløy vidaregåande skule

Vestland fylkeskommune og Måløy vidaregåande skule har hatt ei ordning med digital undervisning og jobbing heimanfrå sidan meldinga frå regjeringa kom 12.mars, om at alle skular og barnehagar skulle stengast.

Når det no stundar mot påskefeiring, vil eg som rektor først og fremst gje stor ros til elevane ved skulen, som pliktoppfyllande har følgt undervisninga i form av nettundervisning og heimeskule! Det er gledeleg å få tilbakemeldingar frå faglærarar og kontaktlærarar om god arbeidsinnsats og pliktoppfyllande elevar.

I samband med påskefeiringa vil eg få lov å minne om Folkehelseinstituttet sine tilrådingar. Vi må alle ta ansvar og ta del i den nasjonale dugnaden for å hindre spreiing av Covid 19.

For å unngå smitte, bruk sosiale media og ta godt vare på kvarandre!

I påska er Vestland sin Støttetelefon for elevar, lærlingar og ungdom i koronatiden diverre stengt frå tysdag 7. april kl. 18.00 til tysdag 14. april kl. 12.00. Treng du nokon å snakke med finns det likevel andre tilbod. Under vignetten Treng du nokon å snakke med i påska på  nettsida

 https://www.vestlandfylke.no/nyheitsarkiv/2020/stottetelefon-for-elevar-i-koronatiden/

vil ein finne telefonnummer og nettadresser til ulike hjelpetelefonar som har ope.

Som rektor vil eg og gi mykje ros til alle tilsette ved skulen. Eg er imponert over korleis ein har klart å løyse den ekstraordinære situasjonen som vi er inne i. Tilsette i skulen har lang erfaring med å finne gode løysingar på utfordringar som kan oppstå på kort varsel, men akkurat dette scenarioet hadde ingen sett føre seg. 

Om skulane vert stengde etter påske og utover våren, er ennå usikkert. Onsdag 7. april vil regjeringa gjere greie for kva tiltak som vert gjeldande etter påske.

Vestland fylkeskommune har ei målsetjing om å vere ein kompetent, open og modig organisasjon.

Dette er viktige verdiar!

Ved Måløy vidaregåande skule har tilsette vist at vi er ein kompetent organisasjon, ved at vi har utvikla og delt kompetanse, vi har klart å sjå heilskapar og gjort prioriteringar og vi har hatt fokus på elevane sine behov og funne gode løysingar.

Vi har vist oss å vere opne, ved å vere nysgjerrige slik at vi kan ta nye perspektiv og idear i bruk, for å gje elevane ei god opplæring. Vi har involvert kvarandre og søkt dialog og samarbeid med kollegaer på eigen arbeidsplass og kollegaer ved andre skular.

Og ikkje minst har vi vore modige ved å utfordre oss sjølve og andre ved å ta i bruk nye undervisningsmetodar og digitale hjelpemiddel, og vi har tort å prøve og feile.

Eg ynskjer alle elevar, føresette og tilsette ei god og velfortent påske!

Åsta Navelsaker Røed
rektor
Måløy Vidaregåande Skule