Måløy vidaregåande skule
Vaksine

Påmelding til gratis meningokokkvaksinasjon for alle elevar på VGS

Ungdom bør vurdere å vaksinere seg mot smittsom hjernehinnebetennelse.

Folkehelseinstituttet anbefalar at all ungdom i alderen 16–19 år vurderer å vaksinere seg mot meningokokksjukdom (smittsom hjernehinnebetennelse) gruppe A, C, W og Y. Ungdom som skal delta i russefeiring har særleg høg risiko for smitte.

I år er vaksina gratis for alle elevar (usikkert om dette tilbodet gjeld til neste år). Beskyttelsen etter vaksinasjon er ca 5 år.

Alle elevar får tilbod om å vaksinere seg av helsesjukepleiar på skulen.

Datoar for vaksinasjon er: mandag 30. november og torsdag 3.desember (Klokkeslett og klasserom blir informert om når det nærmar seg).

Påmelding: alle elevar som ønsker vaksinasjon på må fylle ut påmeldingsskjema og levere til lærar eller Nina i resepsjonen seinast 20. november. Dåkke får utdelt skjema av lærar i løpet av veka. 

Håpar det er mange som vil ta vaksina.

Helsing Helsesjukepleiar Birgitte

 

Informasjon frå Folkehelseinstituttet