Måløy vidaregåande skule
MVS front 1

Opplæringstilbodet for 2018/2019 positivt for Måløy Vidaregåande skule.

Hovudutvalet for opplæring har gjort vedtak om å oppretthalde alle eksisterande tilbod ved Måløy Vidaregåande Skule. I tillegg har dei  oppretta ei halv klasse innan VG2 Plast og Kompositt, samt plasstalsutviding på VG1 Teknikk og Industriell produksjon og VG1 Naturbruk.

Rektor Åsta Navelsaker Røed seier seg godt nøgd med vedtaket i hovudutvalet, og ser fram til å sjå søknaden til den nye klassa innan VG2 Plast og Kompositt. Dette tilbodet kjem som ei følgje av dei behova som næringa i regionen har spelt inn til opplæringsavdelinga gjennom fagopplæringsnemda. I vedtaket ligg og at det er ein føresetnad at Eid og Måløy vidaregåande skular samarbeider om eitt tilbod i lag med bedriftene og at det vert ei utviding av plasstalet både på Eid og i Måløy på VG1 Teknikk og Industriell produksjon for å dekke opp for auka tilbod på VG2. Vidare er plasstalet på VG1 Naturbruk utvida frå 13 til 18 plassar for å dekke opp auka i søknader til denne linja. Dette må og sjåast i samanheng med fiskeflåten sitt behov for lærlingar og den avtala som skulen har inngått med Marine Harvest om drifting av skulen sin oppdrettskonsesjon og som sikrar søkjarar til Akvautdanninga ein oppdatert praksisplass.

Vi har all grunn til å være stolte og fornøgde med den jobben tilsette og næringslivet i regionen har gjort. Samspelet mellom skule og næringsliv viser seg å være svært viktig då det er næringslivet i regionen som er våre «kundar». Er ikkje våre yrkesfag innretta mot det næringslivet etterspør av lærlingar, vil VG2 tilboda kunne forsvinne. Måløy Vidaregåande skule har tydelegvis gjort mykje rett, då vi er den einaste skulen som pr 13.9.2017 har fått gjort plass til fleire elevar enn det vedtekne plasstalet tilseier. Dette vart gjort i samarbeid med opplæringsavdelinga for å tilby nokre av dei som stod på venteliste ved skulestart ein skuleplass.

Andre ynskje som næringslivet i regionen og har fremja, som ønskje om eit utvida tilbod om Datateknologi på ulike nivå, fekk ikkje gjennomslag. I innstillinga til saka står det:

Datamiljøet i Måløy (Local Host, Lefdal Mine Datasener, Video Nor og Nordwest Tre D) etterspør fagkompetanse på ulike nivå innan IKT. Det er viktig at næringslivet får stetta sitt behov for kompetanse og faglært arbeidskraft. Fylkeskommunen har tilbod om dataelektronikk og IKT servicefag. Det må vere mogeleg å utvikle og "skreddarsy" desse tilboda slik at datamiljøet i Måløy får tilgang på faglært arbeidskraft.

Opplæringsavdelinga viser elles i vedtaket til at utfordringa for dei vidaregåande skulane i fylket framover er nedgangen i elevtal, og det arbeidet som no føregår sentralt med endring av den yrkesfaglege tilbodsstrukturen og revidering av læreplanane. Framlegga til endringar omfattar mellom anna

- Nedlegging av eksisterande utdanningsprogram og oppretting av nye.

- Oppsplitting eller samanslåing av vg2 programområde og lærefag.

- Framlegg til nye vg2 - tilbod eller lærefag

- Flytting av vg2 - tilbod og lærefag mellom utdanningsprogramma.

Hovudutvalet seg samd i mange av endringsframlegga, men er uroa for konsekvensane ei større oppdeling i fleire vg2 programområde vil ha for vårt fylke.

Dette opplæringstilbodet vert lyst ut ved Måløy vidaregåande skule skuleåret 2018/2019.

Samledokument.pdf - Adobe Acrobat Reader DC

 

Tips ein ven Skriv ut