Måløy vidaregåande skule
Tildeling av kursbevis

Utdeling av kursbevis Foto: Elvira Grabus

Opplæring i bruk av hjertestartarar

Elevane som går 2.året på TAF/YSK Helsefagarbeidar har no gjennomført opplæring og fått kursbevis i bruk av hjartestartar

Samstundes som dette er ein del av opplæringa deira, vil det og være med å heve beredskapen på skulen og i nærmiljøet om det skulle verte bruk for hjertestartaren.

Hjertestartaren er no plassert i eit eige skap i korridoren ved inngangen til A-fløyen. Dette skapet er ope, men knytta til ein alarm som varslar dersom hjertestartaren vert fjerna frå skapet. Dette er gjort for å tiltrekke oppmerksomheita, slik at skulen sitt kyndige personell kan bistå i det vidare hjelpearbeidet.

Hjertestartaren er og registrert i ein offentleg register slik at personar i nærområdet har tilgang til denne når skulen er open, normalt mellom kl. 08.00 og kl.16.00 alle kvardagar. 

Skulen har og plassert ut hjertestartarar i Nordfjordhallen (kontoret på galleriet i handballhallen) og på maritim avdeling (Sikkerhetssenteret)

Tips ein ven Skriv ut