Middag på Open skule

Middag på Open skule Foto: Alf Reidar Myrstad

Open skule og middag til elevane

Kvar tysdag og torsdag er det open skulen frå kl 16 til 20.

Måløy vidaregåande har skuleåret 2016 - 2017 tilbydd varmt måltid tysdag og torsdag kvar veke med eit og anna unntak. Målet er å auke trivselen for elevar som bur på hybel og dei som deltar på open skule.

Dette er eit tilbod som elevrådet set veldig stor pris på. Tilsette i kantina, miljøkoordinator og lærarar strekkjer seg langt for å kunne tilby dette til ungdomane.

Denne torsdagen var det open skule der ein tradisjonen tru starta med middag kl.16 i kantina. 35 ungdomar fekk seg eit varmt måltid som var tillaga av personalet ved kantina. På menyen stod det Lasagne med salat og brød, noko som vart teke godt imot av ungdomane.

Tips ein ven Skriv ut