Måløy vidaregåande skule har ca. 350 elevar og 85 tilsette, og ligg på Tennebø i Kinn kommune.
Kvar finn du oss?
Skulen vår er plassert i naturskjønne omgjevnader.

Kontakt oss
Måløy vidaregåande skule
Nordfjordvegen 9109
6718 Deknepollen
Tlf: 57 63 79 00
E-post: postmottak.maloyvgs@vlfk.no
Resepsjonen på skulen er open kvar dag frå kl. 08:30-16:00.
Lokala våre
Skulen vår har fleire bygg:
- A-fløyen inneheld administrasjon, lærarrom, klasserom og lab for helse- og oppvekst, YSK helse og vg2 barne- og ungdom og klasserom for vg2 informasjonsteknologi
- B-fløyen inneheld verkstader og klasserom for byggfag og vg2 køyretøy
- C-fløyen innehelde verkstader og klasserom for teknologi- og industrifag, bibliotek og klasserom for studiespesialisering

- D-fløyen ligg nede ved sjøen, nokre minutt å gå frå hovudområdet. Her finn du klasserom og kjøkken for restaurant- og matfag, klasserom og verkstad for naturbruk, Sikkerhetssenteret i Måløy og Fagskulen Vestland
I tillegg leiger skulen eit arbeidsrom og eit klasserom i Nordfjordhallen.
Utleige av lokaler
Måløy vidaregåande skule leiger ut lokaler til frivillige lag og organisasjonar.
Skulen sin historie
Skulen vår har vore i drift sidan 1953. Sidan den gong er den bygd på og modernisert fleire gonger. Meir om skulen sin historie