Måløy vidaregåande skule
Vinnarbåten i Open klasse

Her er vinnarane i Open klasse representert ved Eirik Klævold, Bendik Weltzien og Ola Wik. Foto Rune Weltzien

Ocean Space Race 2017

Elevane ved Måløy Vidaregåande Skule vinn Open klasse i Ocean Space Race 2017 i Trondheim.

Ei kort melding tikka inn på mobilen for kort tid sidan: VI VANN.

Elevane har hatt ein travel dag med både førebuing til konkurransen, orientering til besøkande, gjennomføring av konkurransen og forhåpentlegvis litt roleg feiring før dei set kursen heimover. Her er ei samling bilete frå arrangementet:

Manøvertest i havbassenget på Marintec

Finaleløpet sin fartsetappe i havbassenget på Marintec.

 

Som vanleg har Sander Svarstad og Hallvard Hamre her ofra seg og gripe fatt i konferansieren for dagen for om mogeleg å sikre seg ein større heiagjeng i konkurransen.

 

 

 

 

 

 

 

Elevane i gang med klargjering av båtane før konkurransen. Frå v: Andreas Rundereim (instruktør), Eirik Klævold, Henriette Førde, Bendik Weltzien og Oda Ludvigsen.

 

 

 

 

 

 

Frå v: Ola Wik, Bendik Weltzien og Oda Ludvigsen.

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå v: Eirik Klævold, Ola Wik og Henriette Førde

 

 

 

 

 

 

 

 

Stabilitetstest før konkurransen

 

 

 

 

 

 

  

Sander Svarstad og Eirik Klævold i promoteringsdialog med stortingsrepresentant Lill Sandaune (FRP) frå kyrkje-, utdannings- og forskningskommiten på Stortinget.

 

 

 

 

 

 

Diplomet for beste alternative marine konstruksjon.

Foto: Rune Weltzien og Andreas Rundereim

Bakgrunn:

Den landsomfattande konkurransen Ocean Space Race er eit konkret tiltak for å auke interessa for realfag og spesielt havromsteknologi.

Ocean Space Race (OSR) er eit av prosjekta i regi av Samarbeidsforum Marin, og er ein årleg konkurranse i mars månad for elevar i den vidaregåande skulen med «Teknologi og forskningslære» på læreplana. Konkurransen vert arrangert av Samarbeidsforum Marin, SINTEF Ocean (tidlegare MARINTEK) og NTNU i felleskap.

Elevane reiser saman med instruktørane Andreas Rundereim og Rune Weltzien frå Måløy Vidaregåande Skule. Det er femte gong ei elevgruppe deltek i konkurransen. Ocean Space Race er ein konkurranse for unge skips- og vindturbindesignarar, samt ei opa klasse. Det er venta at 370 elevar frå Vidaregåande skular rundt om i Noreg vil delta. I år vil den store utfordringa i skipsdesignkonkurransen være å designe eit skip som skal tole bølgelasta som skipet vert utsett for. Konkurransedagen er fredag 10. mars.

Elevane har jobba med dette prosjektet på fritida si i skulen sin gründerlab sidan skulestart. Dei har teikna fartøyet, berekna stabilitet, laga former og støypt skroget i kompositt og var seinast denne veka hos Stadt Towing Tank for ein siste test av konstruksjonen i bølgebassenget der. Dagen i dag vert brukt til å gjere dei siste modifiseringane.

Måløy Vidaregåande Skule kan sjå tilbake på hederlege plasseringar i konkurransen, og mellom desse tidlegare plasseringane var det ei gruppe som vann konkurransen i Open klasse.

Om du vil følgje deltakarane våre i konkurransen, kan du finn du bilete på #oceanspacerace, eller internett på www.oceanspacerace.no/  og på skulen si Facebookside. Måløy Vidaregåande Skule.

Programmet finn du her: http://www.oceanspacerace.no/konkurransedagen/

Vi ønskjer elevane god tur og lykke til i konkurransen.

Tips ein ven Skriv ut