Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde RASkurs

Illustrasjonsbilde RASkurs

Nytt kurs i resirkulerande akvakultursystem (RAS)

Etter svært god oppslutting om det nyleg haldne RAS kurset ved Måløy vidaregåande skule, er det no klart for eit nytt kurs.

Utviklinga i oppdrettsnæringa har dei siste åra ført til mange nye Resirkulerande akvakultursystem (RAS). Behov for kunnskap om RAS-anlegg og korleis ein skal drifte slike anlegg, er stort både innan næring og skule.

NIVA, Ontec AS og Måløy vidaregåande skule står for utvikling og gjennomføring av kurset.

Målgruppa for kurset er tilsette i akvakulturnæringa, lærarar som underviser i akvakultur, og andre interesserte som for eksempel tilsette i leverandørindustrien, bank og forsikring, og offentlege myndigheiter.

Påmeldingsfrist 1. november 2021

Kursinnhold

Deltakarane skal få ei grunnleggande teoretisk og praktisk forståing for korleis eit RAS-anlegg fungerer både teknisk og biologisk. Kurset inkluderer også bedriftsbesøk hos Mowi Steinsvik.

Klikk her for meir informasjon og påmelding