Hopp til hovedinnhold

Seglas Skulebas veke 39

MS Skulebas ved kai på Måløy vgs

Måndag 21.september legg vårt eige opplæringsfartøy, MS Skulebas, frå kai og reiser på seglas i regionen vår. I løpet av seglasen skal vi innom mange hamner, og i kvar hamn ønsker vi å invitere både elevar, føresette og innbyggjarane elles velkomen om bord på Ope skip. Her møter besøkande både elevar og lærarar som vil gi omvising på det flotte skipet vårt, i tillegg til å dele informasjon om skulen sitt mangfaldige tilbod.  

Størsteparten av mannskapet om bord er elevar på Vg1 Teknologi- og industrifag. For fyrste gong skal Vg1-elevane ha delar av den praktiske opplæringa si om bord på Skulebas. Dei tre klassene på skulen har kvar si veke på seglas, der målet er at dei på ekte vis skal få erfaring med livet på sjøen og få djupare innsikt i yrker innan maritime fag. Samstundes vil elevane kunne dele av sine kunnskapar og erfaringar. Dei vil fortelje om korleis skulekvardagen er, kva moglegheiter dei har for vidare utdanning og yrkesliv, og ikkje minst korleis det er å vere elev ved Måløy vidaregåande skule.
 
På dagtid vil vi ynskje 10. klasse og elevar på vidaregåande skule velkomen om bord, og på kveldstid held vi opent for alle som måtte ønsker det. 
 

Seglasplan TIF veke 39 – rekrutteringstur vidaregåande og ungdomsskular

Dato og dag

Tidspunkt

Beskriving

Distanse og reisetid

Kommentarar

Måndag 21. sept.

08:30

Elevane om bord for brann og mønstringsøving (introduksjon må vere gjennomgått tidlegare)

 

 

 

10:00

Avgang Tennebø for Måløy

87 nm / 9 timar

 

 

19:00

Framkomst Høyanger

 

 

 

20:00

Opent skip Høyanger

 

 

Tysdag 22. sept.

10:00

Invitere ungdomsskule

 

 

 

12:00

Invitere vidaregåande skule

 

 

 

14:00

Avgang Høyanger for Askvoll

45 nm / 5,0 timar

 

 

19:00

Framkomst Askvoll

 

 

 

20:00

Opent skip Askvoll

 

 

Onsdag 23. sept.

10:00

Invitere ungdomsskular

 

 

 

12:00

Invitere vidaregåande skular  

 

 

 

14:00

Avgang Askvoll for Førde

35 nm / 4,5 timar

 

 

18:30

Framkomst Førde

 

 

 

20:00

Opent skip Førde

 

 

Torsdag 24. sept.

10:00

Invitere ungdomskular

 

 

 

13:00

Invitere vidaregåande skular

 

 

 

15:00

Avgang Førde for Florø

33 nm / 3,0 timar

 

 

18:00

Framkomst Florø

 

 

 

19:00

Opent skip Florø

 

 

Fredag 25. sept.

09:00

Invitere ungdomsskule  

 

 

 

09:45

Invitere vidaregåande skule

 

 

 

10:30

Avgang Florø for Tennebø + nedvask undervegs.

27 nm / 3,0 timar

 

 

13:30

Framkomst skulen

 

 

 

13:30

Nedvask av Skulebas

 

 

 

1