Onsdag 18. januar 2023 kl.18.00-20.00 arrangerer Måløy vidaregåande skule open kveld for elevar på 10. trinn og deira føresette. Det vil bli informert om utdanningsval og utdanningsprogram, samt litt om skulen generelt.
Plan for kvelden:
- Kl. 18.00 - Felles informasjon i samfunshallen.
- Ca. kl. 18.30 - Informasjon om og omvisning på dei avdelingane dykk ynskjer å besøke.
- Ca. kl. 19.15 - Informasjon om og omvisning på den andre avdelinga dykk ynskjer å besøke.
Det vert også høve til å stille spørsmål. Etter felles informasjon vert det lagt opp til at dykk kan velje dei avdelingane dykk ynskjer å få grundigare informasjon om. Det er lagt opp til at elevar og føresette kan besøke to utdanningstilbod i løpet av kvelden.
Informasjon om dei ulike studietilboda på skulen finn dykk under "Utdanningstilboda våre" øvst på framisda vår.
Kor finn ein dei ulike utdanningstilboda våre
Opplæringstilbod VG1 | Stad | Rom |
Informasjonsteknologi og medieproduksjon | A-fløy | A215 |
Helse og oppvekst | A-fløy | A123 |
YSK (Akva, Helse, TIF) | A-fløy | A120 |
Bygg og anlegggsteknikk | B-fløy | B110 |
Studiespesialisering | C-fløy | C216 |
Teknologi og industrifag | C-fløy | C111 |
Naturbruk | D-fløy | D212 |
Restaurant og matfag | D-fløy | D211 / D142 |
Kart over skuleområdet

Vel møtt!
Det blir open skule på dei andre vidaregåande skulane i Nordsfjord slik:
- Firda vgs - 17. januar
- Stryn vgs - 24. januar
- Eid vgs - 25. januar