Nye Skulebas tek form

Bygging av opplæringsfartøy

Skulen har nyleg fått oppdatering frå skipsbyggar om at bygging av nye Skulebas er på god veg.

Bygginga av skulen sitt nye opplæringsfartøy ved Finomar i Polen går etter planen. Seint på sommaren i år vil skroget bli slept til Hvide Sande i Danmark for vidare utrusting. Levering til skulen vert sommaren i 2023, slik at den er klar til bruk skuleåret 23/24. Vi gler oss!