Måndag 20. og tysdag 21. mars er det 9. klasse sin tur for å hospitere her på skulen. I denne nyheitssaken vil du finne nyttig informasjon om hospiteringa inkludert program for alle utdanningsområda.
Vi ventar besøk av elevar fordelt på alle utdanningsområda våre. Lærarane har finpussa programma sine, og vi gler oss til å ta i mot alle. I lenkene nedst på sida finn du detaljert program for kvart utdanningsområde.
Velkomst og felles informasjon
Alle besøkande møter i Samfunnshallen kl. 10 måndag 20. mars til ein felles velkomst. Elevmentorane våre vil stå klare til å vise veg til Samfunnshallen, og etter fellesøkta vil elevar frå klassene vise veg til klasseromma.
Lunsj
Besøkande elevar og lærarar får gratis lunsj begge dagar.
Klede/utstyr
Ver merksam på at det ved mange utdanningsprogram krevs at besøkande har med seg passande klede/utstyr. Informasjon om dette finn de i dei aktuelle programma. Ver venleg å les desse nøye.
Program
Informasjonsteknologi og medieproduksjon
Hjerteleg velkommen til oss!