Hopp til hovedinnhold

Gratis Tankevirus-kurs våren 2024

Er sjølvtilliten frynsete og bekymringane hyppige? Grublar du mykje? Lyst til å lære nokre teknikkar for å få det betre? Då kan du melde deg på gratis Tankeviruskurs!

Kva er Tankevirus?

Kurs i Tankevirus våren 2024 - Vestland fylkeskommune

Tankevirus er eit gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykologiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus.

Tankevirus er også tilgjengeleg som app (gratis). Den er kvalitetssikra og tilrådd av Helsedirektoratet og Helsedepartementet. I 2022 var det 100 000 personar som lasta ned appen. 7 av 10 opplev betring. 

"Alle burde få anledning til å ta eit sånt kurs!"

Når vert det kurs og for kven?

  • Kurs for tilsette innan opplæring i bedrift (opplæringskontor, lærebedrifter, rettleiingstenesta) vert 9., 16. og 23.februar kl. 13:00 - 14:30
  • Kurs for elevar og ungdom i oppfølgingstenesta vert 7., 14. og 21. mars kl 18:00 - 19:30
  • Kurs for læringar og lærekandidatar vert 2., 9. og 16.april kl.18.00 - 19:30

Meld deg på via påmeldingsskjema til høgre på sida. Kurset er digitalt med nettbaserte samlingar. Du deltek anonymt gjennom chat og utan kamera.

Kven står bak kurset?

Vestland fylkeskommune og Frisklivsentralen i Bergen arrangerer kursa i Tankevirus.

Påmelding og meir informasjon her: Kurs i Tankevirus våren 2024 - Vestland fylkeskommune