Hopp til hovedinnhold

GOD SOMMAR!

Måløy vgs og fagskulen

Då er skuleåret 22/23 til ende og sommarferien står for døra. Det har vore eit spanande og aktivt år på Måløy vidaregåande skule!

For første gong på tre år har vi gjennomført eksamenar igjen. For dei fleste elevane var dette første gong dei hadde eksamen. Diverre var det problem med å logge på dei første sentralgitte digitale eksamena. Dette har fått etterpsel der elevane har blitt gitt anledning til å annullere eksamen.

Gjennomføringa elles har gått bra.

Vi vil takke alle våre samarbeidspartar i det private og offentlige for eit godt samarbeid gjennom skuleåret. De bidreg til at elevane får eit godt, spennande of variert opplæringstilbod.

Takk til lærarane og alle dei andre tilsette ved skulen for god og uretteleg innsats for at elevane skal ha det beste læringsmiljøet og trivast på skulen.

Vi ønsker alle avgangselevar lykke til vidare og takkar for tida de har vore elevar ved Måløy vidaregåande. Dei andre elevane gler vi oss til å sjå att i august.

Ha ein riktig god sommar!