God jul

Elevar på scena på juleavslutning

No er juleferien i gang, og vi ynskjer dykk ein god jul! I løpet av desember har skulen gjennomført ein kjekk aktivitetsdag og juleavslutning.

14. desember blei det gjennomført aktivitetsdag for elevane, der dei kunne vere med på volleyballturnering, fotballturnering, klatring, yoga og kaste frisbee. Elevane kunne også vere på treningsrom og i turnhallen om dei ville. Lærarar og leiinga stilte også opp med lag på turneringa!

Etter ein kjempeflott julerevy, laga av 3STA, blei vinnerane premiert på juleavslutnigna. Etter dette gjekk alle elevar og ansatte rundt juletreet og sang.

Gutelag frå 2STA vann fotballturneringa og 3STA vann volleyballtureringa. Jentelag frå 1YSK vann både fotball- og volleyballturneringa. Det blei også premiert for det mest kreative lagdrakt, der gutelaget frå 3YSK vann. Ein fair-play pris blei også utdelt, der 1NAB vann fordi dei var inkluderande, oppmuntrande, viste reint spel og var høflege både mot motspelarar og dommarar. Gratulerer!

Med det seier vi god jul!