Energisk dag på MVS

Raudt lys frå scena

Onsdag 1. juni kunne vi endeleg dra i gang den årlege sportsturneringa på skulen. Som følgje av pandemien er det lenge sidan sist, og utifrå engasjementet blant elevar og lærarar var denne dagen svært etterlengta. I år slo vi på stortromma og avslutta dagen med storkonsert med Hit Station i Samfunnshallen.

Dagen starta med felles oppvarming i fotballhallen. Derifrå gjekk det slag i slag med ulike aktivitetar. Klassene deltok på turnering i volleyball og/eller fotball. Her var det høgt konkurranseinstinkt, og det var god stemning blant publikum på tribuna. Også lærarane stilte med eige volleyballag. Dagens vinnarar av turneringane var:

  • Fotball gut: 3STA
  • Fotball jente: 1STA
  • Volleyball gut: 1BAA
  • Volleyball jente: 3YSK

På morgonen kunne elevar og lærarar starte dagen med ei yoga-økt med den profesjonelle yogainstruktøren Ruth-Lovise Strand. Det var ei deilig og avslappa atmosfære i salen. Seinare gjekk ein gjeng på fjelltur til Hanekammen. Dei hadde med seg fint vêr og fekk nyte flott utsikt på toppen. Elevane fekk også prøve seg på frisbee og klatring i klatreveggen. 

Dagen vart asvlutta med brask og bram i Samfunnshallen med konsert med Hit Station. Ei heftig oppleving med lys-, røyk og lasershow!

Tuuusen takk for ein flott dag til alle som har delteke! Og ein ekstra takk til EO-fondet og Frivilligsentralen i Kinn kommune for inkluderingsmidlar til gjennomføring av dagen, dette hadde ikkje vore mogleg utan dykk.