Besøk frå fylkeskommuna

Områdeleiar og to elevar i prat.

Torsdag 15. september fekk skulen besøk av leiinga av avdeling for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.

Avdelingsdirektør for Opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, Bjørn Lyngedal, områdeleiar Rolf Årdal og to seksjonsleiarar i avdelinga kom innom skulen vår.

Dei fekk mellom anna ei omvising på skulen, og var imponert over den store breidda i opplæringstilbod og det mangfaldet som skulen representerar. På vegen rundt på skulen traff dei både elevar og lærarar, og fekk moglegheit til å stille nokon spørsmål og prate litt med dei.

Takk for hyggeleg besøk!