Hopp til hovedinnhold

Besøk av franske elevar

Franske og norske elevar samlet framfor natur ved Fjærland bremuseet

Frå 21. april til 30. april var franske elevar på besøk i Måløy og fekk innblikk i norsk skulekvardag her hos oss!

Elevar frå studiespesialiserande var tidligare i vår på klassetur til Frankrike og gjekk på fransk skule. I april var det franske elevar sin tur til å komme til Norge på besøk og gå på vidaregåande skule her i Måløy!

Dei frankse elevane fekk oppleve full skuledag med undervsining i blant anna engelsk, økonomi, sosiologi, marknadsføring, fransk og biologi saman med våre elevar og lærarar. Andre dagen dei var her blei det også sleksap i kantina på skulen saman med dei norske elevane som besøkte dei nokre veke før. 

Samtidig som at besøket frå Frankriket fekk vere med i ein norsk skulekvardag, var dei på sighteeing i nærområdet. Elevane og lærarar gjekk fjelltur på dagsturhytta på Kletten, dei fekk stoppe innom hos ein av våre fransklærarar på Kvalheim og besøkte måløyraidsenteret.

Dei fekk også vere med på skuletur med båten Skulebas. Da fekk dei vere med på å sette og dra line. Her fekk dei brukt fisken i ei kjempegod fiskesuppe laga av lærarane om bord.

Seinare under besøket dro dei til Fjærland saman med 1STA for å besøke bremuseet. Det blei også litt tid til snøleik ved Bøyabreen. Det var skikkeleg kjekt med snø for dei franske elevane. 

Dette var utruleg kjekt og vi takkar for besøket!