Måløy vidaregåande skule
Norgesmeistrane Iselin Husevåg og Oline Challen

Norgesmeistrane Iselin Husevåg og Oline Challen Foto: Ida Gangeskar

Nye norgesmeistrar i Skule NM

No startar det å smake fugl. To norgesmeistertitlar på ei veke til Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Måløy Vidaregåande Skule då Iselin Husevåg og Oline Challen i dag vart norgesmeistrar innan Helsefag.

Tysdag 9 april vann Oline Challen frå Eid og Iselin Husevåg frå Vågsøy NM i helsearbeidarfaget ved Drømtorp vgs i Ski. Elvane har førebudd seg flittig sidan dei vann fylkesmeisterskapen i februar, fokuset har vært ekstra skjerpa sidan 1. april når dei fekk oppgåva. Deltakinga har vore utfordrande, kjekk, spennande og lærerik. Konkurransen bestod av ei individuell teoretisk prøve og ein førebuingsdel og ei praktisk gjennomføring med munnleg refleksjonssamtale i etterkant i par.

I den praktiske delen arbeidde dei i dag med profesjonelle skodespelarar dei aldri har møtt før, på ei scene med open mikrofon. Det var praksisnært og ein verkeleg god test å ikkje kunne forutsjå alt som kom til å skje på scena. Elevane fekk vist at dei var opptekne av å setje brukar i sentrum i alt dei gjorde og at dei klarte å halde roa uansett påfunn «pasienten» hadde.

Det fyrste vi tenkte når vi vann var "kva skjedde no, er det tull?" Vi vart i sjokk og det var en ordentlig ut av seg sjølv opplevelse, seier jentene. Vi er stolte og audmjuke, og ønsker å rette ei stor takk til medelevar, lærarar og praksiskommunar for god fagleg støtte.

Sjølv om heimesida mottok nokre kryptiske meldingar på Messenger som: No hakje vi pust igjen og Dette går over alle støvleskaft, kan det utan tvil konkluderast med at Ida, som var med elevane, var svært stolt av elevane sin prestasjon og deira yrkesstoltheit.

Sjølv om heimesida mottok nokre kryptiske meldingar på Messenger som: No hakje vi pust igjen og Dette går over alle støvleskaft, kan det utan tvil konkluderast med at Ida, som var med elevane, var svært stolt av elevane sin prestasjon og deira yrkesstoltheit.

Vinnarane.   Foto: Ida Gangeskar

Tips ein ven Skriv ut