Måløy vidaregåande skule
Skuleanlegget

Skuleanlegget

Ny utlysing av rektorstillinga ved Måløy vgs

Trivst du i ei leiarrolle der du skapar samhald og retning for elevar og lærarar - då er dette ein spennande leiarjobb for deg!

Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg rektor for Måløy vidaregåande skule. Vi ynskjer ein rektor som set retning til det beste for  elevar, tilsette, næringsliv og lokalmiljø.

Rektor skal ha evne og vilje til å utvikle skulen og kvaliteten i opplæringa. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tek til i vidaregåande skule skal fullføra, og at alle som er kvalifisert for det skal få læreplass.

Måløy vidaregåande skule er leverandør av opplæring innan mange fagfelt, og har eit særleg fokus på marin og maritim opplæring.

Skulen tilbyr desse utdanningsprogramma:                                                                                                                                                                                                                           naturbruk , bygg- og anleggsteknikk, teknologi- og industrifag, studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, informasjonsteknologi og medieproduksjon, YSK (yrkes- og studiekompetanse)

Måløy vidaregåande skule ynskjer også å bidra til kompetanseutvikling til næringane. Skulen har eit eige sikkerheitssenter som tilbyr omfattande breidde i kurs for marin- og maritim sektor. Det er også vedteke å bygge nytt opplæringsfartøy og skulen har utviklingsplanar for etablering av ny akvahall. Skulen er samlokalisert med Fagskulen i Sogn og Fjordane si maritime avdeling.

Sjå fullstendig utlysingstekst her