Måløy vidaregåande skule
Stemningsbilde frå oppteljinga tysdag kveld

Stemningsbilde frå oppteljinga tysdag kveld Foto: Bjarne Husevåg

MVS russen sin innsamlingsaksjon 2017

Eit like sikkert vårteikn som at Kvitveisen og Krokusane blomstrar, er at årets russekull startar ei førebuing av russetida.

Som tidlegare år har russen ved Måløy Vidaregåande Skule gjennomført innsamlingsaksjonen Krafttak for Kreft til inntekt for Kreftforeninga. Årets aksjon gjekk føre seg tysdag 7.mars, og russen hadde bøssebærarar ute i Vågsøy og Selje kommune. Nytt av året var at ein og kunne betale via VIPPS for dei som ikkje hadde kontantar. For dei som ikkje var heime vart det lagt att ein lapp med oppfordring til å støtte aksjonen.

Heimesida var på besøk hos innsamlingskommiteen på tysdags kveld medan dei var i gong med oppteljinga, og det strøymde stadig på med fulle bøsser og humøret var på topp hos både innsamlingskommiteen og bøssebærarane.

Då heimesida hadde kontakt med Sara Øvrebø i innsamlingskomiteen på torsdag ettermiddag var de førebelse resultatet kr 127.340.-. Av dette er kr 5000.- tildelt frå ungdomskonferansen Framflyt som vart arrangert av elevane tidlegare i år, og ca kr 16.000.- var då registrert på VIPPS.  Resultatet er ny rekord og ligg førebels ca kr.5000.- over fjorårsresultatet.

Måløy Vidaregåande Skule gratulerer russen med resultatet.

Tips ein ven Skriv ut