Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde ny skulebåt

Illustrasjonsbilde ny skulebåt

Møteprotokoll for møte i Hovudutvalet for opplæring 20.11.2018 og Fylkesutvalet 21.11.2018

I sakene som gjeld Måløy Vidaregåande Skule er det gjort følgjande vedtak

 SAK 33/18 Nytt opplæringsfartøy

VEDTAK:

Hovudutval for opplæring rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding:

Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune investerer i nytt opplæringsfartøy i samsvar med

saksutgreiinga.

2. Fylkeskommunen vert eigar av det nye fartøyet og vert ansvarleg for drifta av dette.

3. Investeringsutgiftene på 100 mill.kr, ekskl. mva, vert finansiert slik:

a. Rekneskapsoverskot frå 2017; 45 mill. kr

b. Unytta lån frå tidlegare år; 25 mill. kr

c. Avsette fondsmidlar til nytt opplæringsfartøy i 2018; 30 mill. kr

4. 1 mill. kr i driftsutgifter i 2019 og årleg auke i driftsutgifter på 1,5 mill. kr frå 2020 vert

finansiert ved årlege tildelingar frå fondet «MAREKO» og inntekter frå Havbruksfondet.

 

SAK 34/18 Opplæringstilbodet for skuleåret 2019-2020

VEDTAK:

1. Opplæringstilbodet ved skulane blir lyst ut slik:

h) Måløy vidaregåande skule

Nivå    Kode               Programområdenamn                       Grupper          Plassar

1          BABAT1----     Bygg og anleggsteknikk                    1,0                  13

2          BABYG2----    Byggteknikk                                       1,0                  12

1          HSHSF1----    Helse- og oppvekstfag                       1,0                  15

1          HSHSF1P---   Helse- og oppvekstfag YSK-4-årig    0,5                  8

2          HSHEA2P---   Helsearbeidarfag YSK 4-årig            0,5                  6

2          HSBUA2----    Barne- og ungdomsarbeidarfag        1,0                  15

1          NANAB1----    Naturbruk                                           1,5                  18

1          NANAB1P---   Naturbruk maritime fag YSK 4-årig   0,0                  4

4          NAAKV2P---   Akvakultur YSK 4-årig                       0,0                  4

2          NAAKV2----    Akvakultur                                          0,5                  10

2          NAFFA2----     Fiske og fangst                                  0,5                  6

1          RMRMF1----   Restaurant og matfag                        1,0                  12

2          RMKOS2----   Kokk og servitørfag                           1,0                  12

1          STUSP1----    Studiespesialisering                          1,0                  30

2          STUSP2----    Studiespesialisering                          1,0                  30

3          STUSP3----    Studiespesialisering                          1,0                  30

1          TPTIP1----      Teknikk og industriell produksjon      2,0                  25

1          TPTIP1P--- Teknikk og ind. produksjon YSK 4-årig 0,5                  4

2          TPTIP2P--- Teknikk og ind. produksjon YSK 4-årig 0,5                  3

2          TPPOK2---- Plast og kompositt                                0,5                  6

2          TPMAR2---- Maritime fag                                          2,0                  24

2          TPKJT2----     Køyretøy                                            1,0                  12

3          PBPBY4P1-- YSK 3.år- Påbygging                          1,0                  17

4          PBPBY4P2-- YSK 4.år- Påbygging                          1,0                  18

Totalt                                                                                     21,0                334

 

2. Det blir lyst ut grupper i kombinasjon mellom opplæring for ungdom og opplæring for

vaksne i tråd med saksutgreiinga.

 

3. For at tilbodet om påbygging til generell studiekompetanse skal bli meir fleksibelt for

søkarar som har rett til påbyggingstilbod etter godkjent yrkeskompetanse, blir det sett av

fem plassar i alle gruppene for vg3 påbygging til generell studiekompetanse til denne

søkargruppa. Dette kjem i tillegg til eksisterande gruppa for vg4 påbygging til generell

studiekompetanse etter yrkeskompetanse ved Årdal vidaregåande skule.

 

4. Endeleg opplæringstilbod for skuleåret 2019/20 vert fastsett i eiga sak i Hovudutval

Opplæring våren 2019. Hovudutvalet understrekar at det då vil vere oppfyllingsgrad i

samsvar med vedtak i skulebruksplanen som er styrande for kva grupper som vert starta

opp skuleåret 2019/20.

 

5. Hovudutvalet ber om å få framlagt ei sak i løpet av 1. halvår 2019 om ei mulig utviding/omlegging av YSK-tilbodet ved Måløy vgs til også å omfatte IKT-fag, jmf innspel frå næringslivet.

 

På onsdag 21.11.2108 handsama Fylkesutvalet saka om nytt opplæringsfartøy, og gjorde dette vedtaket  

SAK 130/18 Nytt opplæringsfartøy

VEDTAK:

Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

1.         Sogn og Fjordane fylkeskommune investerer i nytt opplæringsfartøy i samsvar med saksutgreiinga.

2.         Fylkeskommunen vert eigar av det nye fartøyet og vert ansvarleg for drifta av dette.

3.         Investeringsutgiftene på 100 mill.kr, ekskl. mva, vert finansiert slik:

a. Rekneskapsoverskot frå 2017; 45 mill. kr

b. Unytta lån frå tidlegare år; 25 mill. kr

c. Avsette fondsmidlar til nytt opplæringsfartøy i 2018; 30 mill. kr

4.         1 mill. kr i driftsutgifter i 2019 og årleg auke i driftsutgifter på 1,5 mill. kr frå 2020 vert finansiert ved årlege tildelingar frå fondet «MAREKO» og inntekter frå Havbruksfondet.

 

Dette betyr at saka er klar for handsaming i Fylkestinget den 4.desember 2018.

Tips ein ven Skriv ut