Måløy vidaregåande skule
Vestland 1024

Møte i Hovudutvalet for Opplæring og kompetanse og Yrkesopplæringsnemda i Vestland fylke

Tysdag 10. mars vil Hovudutvalet for opplæring og kompetanse og Yrkesopplæringsnemda i Vestland fylke, gjeste Måløy Vidaregåande Skule og gjennomføre det første møtet i utvala i Opplæringsområde nord.

Programmet for dagen viser at ein startar med felles orienteringssaker, før ein skil lag. Hovudutvalet skal møte skuleleiinga, tillitsvalde og elevrepresentantar, medan Y-nemnda gjennomfører sitt møte. Etter ein felles lunsj, skal Hovudutvalet ha sitt møte, medan Y-nemnda skal på omvising ved Fagskulen og Maritim avdeling.

Under den felles orientering på morgonkvisten, skal også ungdomsbedrifta Framflyt få presentere sitt konsept om korleis drive ein lokal ungdomskonferanse.

Møteprogram for Hovudutvalet for Opplæring og kompetanse 

Møteprogram for Yrkesopplæringsnemda