Måløy vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Miljøkoordinator

Miljøkoordinator

Måløy vidaregåande skule har frå hausten 2018 to miljøkoordinatororar i delstilingar. Dette er Inga Bjørneset og Anne Grete G. Nygård. Dei har kontor i A-fløyen på rom A 216 og A 217. Er det noko du lurer på er du velkommen innom for ein prat.

Miljøkoordinatoren arbeider etter følgjande målsetjing:
å vere førebyggjande, kontaktskapande og sosialpedagogisk i sitt arbeid.

Førebyggjande arbeid:
Miljøkoordinatoren legg til rette for miljøtiltak, føl opp elevar som bur på hybel,
organiserer open skule på kveldstid og organiserer ulike førebyggjande tiltak på skulen.

Kontaktskapende arbeid:
Samarbeider med elevane og alle andre på skulen. Samarbeider med ulike lag og organisasjonar.
Er leiar for folkehelsegruppa og har oppfølginga av volontøren ved skulen.

Sosialpedagogisk arbeid:
Har støttesamtaler med elevar, konfliktløysing elev-elev, samarbeider med lærarane og andre støttefunksjonar i skulen. Støttefunksjon ved uhell eller kriser. Vi ønskjer at alle skal trivast på skulen, og at elevane alltid har nokon dei kan vende seg til ved behov, også for tilbod etter skuletid.

Skulen vil ha Open skule to dagar i veka, på tysdagar og torsdagar frå kl 15.45 - 20.00. Der kan elevane få seg eit gratis varmt måltid, og det vil bli ulike aktivitetar som elevane kan delta på.

Ved skulestart vil elevane som bur på hybel få informasjon om å kva det vil sei å bu på hybel, og kva Vågsøy har å by på. Her vil kulturetaten i Vågsøy, helsesøster og politiet  vere til stades for å informere om dette. For at elevane som bur på hybel fort skal bli kjende med kvarandre, vil det denne dagen òg bli servert eit felles varmt måltid i kantina.

I tillegg vil miljøkoordinatoren gå på hybelbesøk i løpet av hausten.

I løpet av skuleåret vil miljøkoordinatoren stå føre diverse miljøretta arrangement for elevane..

 

 

Kontakt

Inga Bjørneset
Miljøkoordinator
inga.marie.lovise.bjorneset@sfj.no
969 42 528

Anne Grete G. Nygård
Miljøkoordinator
anne.grete.gjerde.nygard@sfj.no
969 42 529

Relaterte lenker