Måløy vidaregåande skule
Skuleanlegget

Skuleanlegget

Mange elevar har fått elevplass ved Måløy vgs.

Trenden som vi ser på andre skular om auka søknad til yrkesfaga, gjeld og ved Måløy vgs.

Vi merkar oss at på dei populære linene Vg1 Naturbruk, Vg1 Helse og oppvekst, Vg1 Bygg og Anlegg og Vg2 Fiske og fangst, så er det diverre nokre elevar som ikkje får oppfylt sitt ønskje om plass der. For dei andre tilboda ser skulen sin kapasitet ut for å være tilpassa elevane sine ønskjer og næringslivet sine behov for lærlingar.

3. inntak vart gjennomført i fylket den 5.august, og dei som då fekk tilbod skal berre svare dersom dei IKKJE tek imot plassen. Skulane har no tatt over inntaket og det er viktig at dei som ikkje vil ha plassen dei har fått, tek kontakt med skulen og gjev beskjed om det!

jd 6jFFGZsKkAAAAASUVORK 5CYII=

Venteliste og inntak etter skulestart

Etter skulestart står søkjarane framleis på venteliste og vil bli tatt inn dersom det blir ledige plassar. Blir det ledig plass tar skulen som eleven får plass ved kontakt med eleven.

Den vanlegaste grunnen til at det blir ledige plassar er at elevar ikkje møter til skulestart.

Frå 1. september er inntaket formelt avslutta, og ventelisteplassering vil ikkje lenger gjelde. Skulen kan då ta inn elevar uavhengig av tidlegare venteliste.

Det har inga hensikt å møte direkte på skulen for å få plass ved skulestart. Skulane skal følgje ventelista heilt fram til 1. september.