Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Måløy vidaregåande skule markerer verdsdagen for psykisk helse Tysdag 16. Oktober.

Med årets tema «Vær raus» oppfordrar vi alle til å vise raushet i kvardagen. Å være raus med seg sjølv og andre kan bidra til god psykisk helse.

Verdsdagen for psykisk helse er ein internasjonal FN-dag og markerast offisielt 10. oktober. Målet er å auke bevisstheita om psykiske problem rundt om i verda og mobilisere til innsats for psykisk helse.

Sidan den fyrste markeringa av World Mental Health Day i 1992 har Verdsdagen spredt seg til meir enn 150 land. Dagen er dermed den største globale markeringa for psykisk helse. I Noreg er Verdsdagen ein informasjons- og folkehelsekampanje gjennom heile året, med lokale markeringar rundt den 10. oktober. Bakgrunnen er at vi i Noreg ønskjer at flest mogeleg skal få høve til å delta på ei markering.

Miljøkoordinatorane har laga til følgjande opplegg for  morgondagen:

  • Helsesøster har stand i kantina i matpausa

  • Kåring av beste dikt med tema VÆR RAUS i kantina i matpausa, frist for klassene å levere inn dikt, er i løpet av dagen i dag. Vi vil gjerne ha fleire bidrag!!

  • Gratis treningstimar! Yoga-halvtime i handballhallen før bussane går (berre møt opp). Utvida treningstilbod frå kl 14 - 15:Yoga og Tabata (desse to krev påmelding på liste i kantina eller melding til miljøkoordinatorane)

  • Klemmekrok i kantina

  • Open Skule: gratis middag og kortlagingsverkstad

Tips ein ven Skriv ut