Måløy vidaregåande skule
Maritim avdeling på Tennebø

Maritim avdeling på Tennebø

Måløy Vidaregåande Skule har fått tilsegn om oppdrettskonsesjon til undervisingsformål

Konsesjonen skal i følgje Fiskeridirektoratet nyttast i samarbeid med Marine Harvest sine lokalitetar i Sogn og Fjordane og utgjer ei maksimal årleg biomasse på 780 tonn.

Skulen har sidan i 1985 hatt eit fylkesdekkande tilbod om utdanning innan VG1 naturbruk og VG2 akvakultur. I dag er tilbodet ei klasse VG1 naturbruk og ei halv klasse VG2 fiske og fangst og ei halv klasse VG2 akvakultur. I tillegg er det og eit YSK/TAF tilbod innan Akvakultur med 4 plassar. Søknaden til naturbruksfag er sterkt aukande.

Intensjonsavtala med Marine Harvest gjeld drifting av konsesjonen i 10 år framover, og vil gi elevane som vel naturbruk og akvakultur ei unik mogelegheit for ei tidsriktig og god praksisopplæring. Leigeinntektene av konsesjonen skal setjast i eit fond som skal nyttast til å utvikle skulen sitt tilbod innan dei marine faga.

Arbeidet med denne konsesjonssøknaden har vore eit samarbeidsprosjekt mellom næringsavdelinga i fylket, skulen og oppdrettsnæringa og har gått over fleire år. Våren 2015 gjekk det ut invitasjon til både små og store oppdrettarar i Sogn og Fjordane om eit samarbeid om drifting av ein eventuell konsesjon. Det var fem selskap som var interesserte i eit slikt samarbeid, og gjennom drøftingar med desse vart det til slutt Marine Harvest som vart valt som samarbeidspartnar våren 2016. Etter dette vart det skrive ei intensjonsavtale mellom Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Marine Harvest om utleige og operativ drift av eit undervisningsløyve for oppdrett av laksefisk knyta til akvakulturlina ved Måløy vidaregåande skule. Intensjonsavtalen skal også sikre at tilrettelegging av undervisningsløyvet vert retta mot undervisning og at oppdrettar (og andre oppdrettarar i fylket) skal så langt råd er, tilby lærekontraktar i Akvakulturfaget til ei klasse Vg2 ved Måløy Vidaregåande skule. Vidare kan skulen utplassere to klasser Vg1-elevar i kortare periodar hjå oppdrettar (og andre oppdrettarar i fylket) som ledd i elevane si karrierevegleiing.

Det er ei gladmelding at vi no har fått tilsegna om denne konsesjonen, seier rektor Åsta Navelsaker Røed. Ho takkar alle som har vore involverte i det omfattande arbeidet som ligg til grunn for tilsegna. Arbeidet vil no starte med planlegging av korleis skulen skal gjere seg best mogeleg nytte av ei samarbeidsavtale for å sikre og auke rekrutteringa til næringa. I verdiskapingsplana for fylket frå juni 2014, er målet  at det innan 2025 skal være 30 elevar som søkjer opplæringstilbodet innan akvakultur, og denne konsesjonen er ein av grunnsteinane for å nå dette målet. Resten er no opp til oss og næringa for å legge til rette for at målet skal nåast.   

Vedtaket frå Fiskeridirektoratet om tilsegn seier følgjande:

Med heimel i laksetildelingsforskrifta §§ 26, 22 femte ledd og 28b, gis Sogn og Fjordane fylkeskommune tilsegn om eit nytt løyve til akvakultur av matfisk til undervisning til produksjon av laks, aure og regnbogeaure på inntil 780 tonn maksimalt tillat biomasse.

Løyvet gjeld for ti år frå ferdig løyvedokument frå fylkeskommunen.

Sogn og Fjordane fylkeskommune gis vidare dispensasjon frå forbod mot utleige i akvakulturlova § 19 tredje ledd anna punktum, for å kunne leige ut undervisningsløyvet til Marine Harvest Norway AS.

Dispensasjonen er gitt under føresetnad av gyldig, underteikna avtale i samsvar med intensjonsavtale mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Marine Harvest Norway AS av 31. mars 2016, om utleige og operativ drift av undervisningsløyvet.

Dispensasjonen faller bort utan vedtak dersom avtalevilkår endrast. Eventuelt må det søkast om ny dispensasjon før endring av avtalevilkåra.

 

Tips ein ven Skriv ut