Måløy vidaregåande skule
Skuleanlegget

Skuleanlegget

Måløy vgs har underteikna avtale med Havforskingsinstituttet om forsking/kartlegging av pigghåbestanden i Norge.

Tysdag 1.juni underteikna rektor Åsta Navelsaker Røed og forskingsdirektør Geir Huse i Havforskingsinstituttet ein fleirårig avtale om forsking/kartlegging av pigghåbestanden i Noreg.

Galleri

Forskarteamet frå Havforskingsinstituttet
Forskarteamet frå Havforskingsinstituttet
Skulens sine representantar i møtet f.v: Stig Oldeide, Freddy Silden og Per Otto Hjertenes.
Skulens sine representantar i møtet f.v: Stig Oldeide, Freddy Silden og Per Otto Hjertenes.

Arbeidet med avtala starta i november 2020, og vil medføre at VG2 Fiske og fangst kvart år  vil gjennomføre eit 4 vekers tokt langs kysten med M/S Skulebas for å skaffe data til Havforskingsinstituttet sine estimat og prognosar over bestanden og utbreiinga av pigghå, slik at dei kan ta dette med seg inn til dei internasjonale fora som fastset bestanduttaket av all fisk i Nord Atlanteren. (ICES).

Frå skulen si side er det Avdelingsleiar Naturbruk Knut Olav Bjørnholm, faglærar fiskeri Stig Oldeide og rektor Åsta Navelsaker Røed som har jobba fram avtala. Opplæringsavdelinga i fylket var utruleg positive til dette prosjektet, og har og vore delvis involvert i arbeidet med avtala.

Som dei aller fleste kjenner til, så blei Måløy bygd opp rundt pigghåfiske på 60 og 70 talet. Diverre vart bestanden overfiska, og fisket stoppa opp og kommersielt fiske etter pigghå blei forbode.

No er pigghåbestanden raudlista, og kan difor ikkje fiskast på i Norge. Bestanden har heller aldri tidlegare vært forska på. Det har vært gjort sporadiske fiskeforsøk, men ikkje noko systematisk, og før ein får inn verifiserte data om bestanden, så kan det ikkje opnast for kommersielt fiske. Meldingar som fiskarane langs kysten no kjem med, syner at bestanden har auka drastisk. Fiskarane må til tider forlate fiskeområder fordi pigghåen overtar dei tradisjonelle fiskeplassane etter andre artar langs kysten.

Det er Havforskingsinstituttet som er toktplanleggar og sit i førarstolen i dette prosjektet. Dei er ansvarlege for at toktdata vert bringa vidare inn i mot dei internasjonale forskarfora.

Det er fyrste gong at Havforskingsinstituttet har gjort ei avtale med ein vidaregåande skule der formålet er forsking på ein bestand som ikkje har vore forska på før. Samstundes er ressurspersonar i vårt nærmiljø knytt opp mot framdrifta av prosjektet, og skulen reknar med å få utvikla mykje god kompetanse blant elevar og tilsette m.o.t. den unike mogelegheita til å forstå forsking, offentleg forvaltning, lære praktisk navigering og få realistisk erfaring med forskingsfiske. I tillegg skal dei ta prøver og måle fisken. Elevane og tilsette ved skulen skal være aktivt med i forskingsarbeidet under rettleiinga av forskarane ved Havforskingsinstituttet.

Prosjektet skal gå over fleire år, med evaluering etter første året for å gjere naudsynlege endringar og tilpassingar.

På tokta vil heile klassa på VG2 Fiske og fangst, to lærarar og ikkje minst to havforskarar være ombord heile tida. I tillegg til ordinær besetning på M/S Skulebas

Dette gjev elevane ein unik mogelegheit til å forstå forsking, offentleg forvaltning, lære praktisk navigering og få realistisk erfaring med linefiske. Elevane skal dessutan være aktivt med i forskingsarbeidet med å ta prøver og måle fisken

Dette prosjektet vil ikkje påføre Måløy vidaregåande skule økonomiske kostnadar.

Fyrste planleggingsmøte mellom Havforskingsinstituttet og Måløy Vidaregåande Skule vart gjennomførd onsdag 9. juni, der detaljplanlegginga av fyrste toktet som skal gjennomførast etter haustferien i veke 42, var tema for møtet.