Visma InSchool

Logg inn i Visma InSchool

Alle elevar må frå dette skuleåret av bruke Visma InSchool for å få viktig informasjon om skulekvardagen sin.

Frå skuleåret 2021–22 brukar alle dei vidaregåande skulane i Vestland Visma InSchool som skuleadministrativt system.

Det betyr at du som elev loggar deg inn her og får tilgang til

  • timeplanen din
  • informasjon om klasse din
  • kommunikasjon med kontakt- og faglærar
  • å registrere fråvær
  • merknadar
  • vurderingar
  • eksamensoppmeldingar
  • standpunkt- og eksamenskarakterar

Du kan også

  • melde om fråvær
  • søke om fritak i fag (sidemål og kroppsøving)
  • søke om tilrettelegging på eksamen
  • søke om fråtrekk av fråvær

Du loggar inn i Visma InSchool med Feide-kontoen din. Du skal før skulestart ha fått ein SMS med informasjon om å aktivere Feide-kontoen.

Les meir om Visma InSchool og finn innlogging til skulen din på denne lenka.
 

Påloggingslenke for føresette til visma inSchool:

https://sogndal-vgs.inschool.visma.no/#/app/dashboard/

Introduksjonsvideo til føresette:

https://inschool.zendesk.com/hc/no/articles/360049745131-Visma-InSchool-Introduksjonsvideo-til-foresatte