Måløy vidaregåande skule
Klasse 1 HSA

Klasse 1 HSA klasse 1 HSA

Livsglede for eldre

Vg1 helse- og oppvekstfag har meld seg på prosjektet «livsglede for eldre» som handlar om å gjennomføre enkle aktivitetar til glede for eldre nokre gongar i skuleåret.

Vi har gleda oss lenge til å starte opp og reise rundt på besøk med dei gule og glade t-skjortene vi har fått. Vi var måndag den 5. på Kulatoppen omsorgssenter og Skaretunet der vi skulle halde eldre med selskap og gjere aktivitetar med dei. Når vi kom dit inviterte vi bebuarane til å vere med. Deretter spelte vi ludo, yatzy, gjekk tur, kasta ballong, song, las dikt og prata med dei. Vi opplevde at dei var positive og synast det var kjekt at vi kom. Det at vi kunne gjere ein forskjell i kvardagen til nokon andre synes vi var veldig positivt og kjekt å oppleve.

Tekst utarbeidet i samarbeid med elevene Henriette og Malene i Vg1 Helse- og oppvekstfag. Alle foto 1HSA.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut