1HSA på Kulatoppen

1HSA på Kulatoppen Foto: Ida Gangeskar

Livsglede for eldre – spre juleglede!

Dei fyrste som fekk besøk dette skuleåret var bebuarane på Kulatoppen

Måndag 9. desember var elevane i Vg1 helse- og oppvekstfag ute med skuleårets fyste livsglede for eldre prosjekt. Ferda gjekk til Kulatoppen omsorgssenter der dei gav ut julekort med sjølvskrivne helsingar til alle brukarane, bakte julemenn, prata ilag og høyrte på julemusikk. Besøket var ei triveleg stund både for elevane og dei eldre.