Måløy vidaregåande skule
Johanna Utvær, Eduard Gouron og Sander Omberg

Johanna Utvær, Eduard Gouron og Sander Omberg Foto: Bente Vonheim

Kystfolk fekk ein 4.plass under Tine Matcup i Stavanger.

Under prisutdelinga fredag kveld fekk KystFolk 4.plass. Vinnarane vart «Null stress» frå Nannestad Vidaregåande, 2.plass gjekk til «Meget oppegående» frå Borgund Vidaregåande og 3.plassen til «Askøykullet» frå Sotra Vidaregåande.

Kystfolk tok ein flott 4. plass etter ein jamn konkurranse med svært høgt nivå frå alle laga. Dei var veldig fornøgde og tilbakemeldingane frå dommarane var gode. Frå servitørdommar fekk dei vite at dei hadde det finaste bordet og fekk 10 poeng - som er topp score. Under konkurransen sa dommarane at elevane jobba veldig ryddig, hadde god kjemi og var flinke å samarbeide. I tillegg fekk dei ståande applaus når dei serverte desserten som var sufflé, og konkuransen sin konferansier, kjendiskokk Karl Erik Pallessen, sa at han hadde konkurrert mykje, men aldri tørt å køyre sufflé til dessert. Han var mektig imponert!

Det vert mykje god læring av slike konkurransar, og det er slettes ikkje verst å verte Norges 4. beste kokke-elevlag. Då konkurransen starta i oktober 2017, var det over 60 lag påmelde frå heile landet, og 30 lag gjekk vidare til dei seks semifinalane. Vinnarane av desse semifinalane gjekk vidare til finalen i Stavanger.

Vi gratulerer elevane våre med plasseringa i TINE MatCup 2018. Ein gratulasjon høyrer og med til lærarane Bente Iren Vonheim, Iren Hammersvik og Monica Iren Venøy Lexau som bidreg til at elevar frå Restaurant og matfag fleire gonger har hevda seg i Noregstoppen opp gjennom åra, og ikkje minst at medlemmer av kokkelandslaget Kristoffer Westvik Lofnes og Jan-Erik Hauge er innom «gamlekjøkkenet» på besøk, og deler av sine erfaringar med både elevar og tilsette.

Tips ein ven Skriv ut