Kartarbeid og seglingsplan

Kartarbeid og seglingsplan Foto: Tor Helge Hansen Holvik

Kva gjer ein med tidlegare elevar som likte seg så godt på skulen at dei kjem innom både titt og ofte?

Jau, ein set dei i arbeid som assistentar.

Inger Johanne Svartemyr som gjekk i 2MAB 2016/17 er matroslærling i Artic shipping om bord på Artic Lady. I friperiodane kjem ho ofte på besøk til oss her på skulen. Det gjer ho fordi ho likte skulen godt og savnar den av og til.

Ho kom heim på fri i går kveld, og allerereie i dag tidleg kom ho på besøk. Det passa veldig fint sidan ein matros og tre motormenn skulle i navigasjonssimulator og gjennomføre ein seglas med eit ankerhandteringsfartøy. Ho hjelpte elevane med kartarbeid, lage seglingsplan og gjennomføre simulatorøvinga. Hennar hjelp og historiar frå «Artic Lady» fall i god smak hos elevane.

 

 

 

 

Inger Johanne har så langt i lærlingtida segla i området frå Hardangerfjorden i sør og opp til Tromsø-Senja i nord. Ho kunne godt tenke seg å vere vikar på skulen dersom det skulle vere aktuelt.

 

 

 

 

No skal vi ikkje akkurat påstå at det gjekk gale på simulatorøvinga, men mistanken vart styrka om at noko hadde skjedd. Onsdag måtte to elevar frå 2 MAB reddast frå ein redningsflåte på Blålidfluna (vi nemner ikkje namn).

 

 

 

 

Samarbeidet mellom redningshelikopteret i Florø og Sikkerhetssenteret i Måløy gjer at elevar ved Måløy Vidaregåande skule får mogelegheit til å delta som markørar når redningshelikopteret øver på pickup. Heilt klart ei erfaring som blir verdsett av elevane.

Tips ein ven Skriv ut