Måløy vidaregåande skule
Kurshaldarar og elevar

Kurshaldarar og elevar Foto: Bjarne Husevåg

Kurs i Velferdsteknologi på Måløy Vidaregåande Skule

I forrige veke var Velferdsteknologi i fokus på Helse og Omsorgsavdelinga på skulen

Vågsøy Kommune, i samarbeid med Sætren Installasjon, Lokal Host og Måløy Vidaregåande Skule gjennomførde i førre veke eit pilotprosjekt om Teknologi i heimen på Måløy vidaregåande Skule.

Sentralt i prosjektet har vore bruken av ny teknologi for å gjere innbyggarane betre i stand til å kunne bu heime lenger. Det kan ikkje stikkast under ein stol at talet på eldre og pleietrengande vil auke når dei store barnekulla frå 50 og 60 talet går over i pensjonistane sine rekker. For å møte desse utfordringane for helse og omsorg må ein tenkje nytt og prøve ut bruk av ny teknologi, sa kommunaldirektør Jeanette Jensen i Vågsøy Kommune m.a. i si innleiing.

Kurset har strekt seg over tre dagar med forskjellige målgrupper. Tysdag var det tilsette i kommuna som vart kursa, onsdag var det brukarar og pårørande og torsdag var det dei framtidige helsefagarbeidarane og vedlikehaldspersonell som fekk ei innføring.

Det meste av teknologien er på plass i skulen si treningsleilighet, og kursdeltakarane fekk prøve teknologien og stille spørsmål til prosjektgruppa.

Tips ein ven Skriv ut